I og med at me leverer Internett via radiolinker
er det viktig å være klar over fenomen som kan oppstå med radiobølgjer. Med datatrafikk
kan ein ikkje sjå kva som er galt som ein ville ha gjort på ein TV med dårlig bilete.
Det er i hovudsak 3 faktorer som er avgjerande for kvaliteten. Det er
Signalstyrken,
refleksjonar og støy,. For dei som foretar monteringa sjølv er det særs viktig å lese
dette.
Signalstyrke:
Dersom signalet er for svakt vil det oppstå retransmisjonar som kan gå ut over
hastigheten. Signalstyrken bør være betre enn -80dBm. Dei som har Orinoco produkt kan
starta Client manager og måle det under linktesten. I tillegg viser denne støynivået
samt pakketap. For dei som har Buffalao airstation kan dette målast med "Ethernet
Convertor Manager" Her vert signalstyrken målt i % og den bør være betre enn
20%. For at signalet skal være bra er det viktig at ikkje tapet i coax-kabelen er for
stor. Antenna må være tilpassa avstanden du har til nærmaste Aksesspunkt og antenna må
peika rett veg.Refleksjonar.
Refleksjonar fører til at eit ekstra signal når fram til antenna i tillegg til
nyttesignalet. Dette signalet er ute av fase og lager dermed forstyrrelser. Er signalet i
motfase kan det faktisk kan nulla ut nyttesignalet. Er du plaga med refleksjonar kan du
oppleva at forholda endrar seg utan nokon synleg grunn. Det er så små marginer som kan
endra ein uheldig refleksjon. Det som skapar refleksjonar er metall eller andre
"harde" objekt mellom deg og AP. Dersom antenna vert montert under
takskjegget
kan dette vere nok. Me anbefaler at antenna vert montert over taket på huset. Andre
forhold som kan skapa refleksjonar er sjø. Dersom både client og AP ligg nærmt med
sjøen i same høgde kan dette skapa problem. Løysninga på dette kan være 1. tilta
antenna litt oppover. 2. Antenne som har mindre opningsvinkel. 3. Montera antenna i
bakkant av huset der huset fungerer som skjerming av refleksjonar.
Støy:
Støy kjem vanligvis frå anna utstyr i 2.4Ghz området. Det kan være mikrobølgeovner,
trådlaus videooverføring eller andre trådlause sendarar som ligg på
nabokanalar.
2.4Ghz området er delt inn i 13 overlappande kanalar på 802.11b utstyr eller 4 kanaler
på videooverførings-utstyr. Dette er berre 3-4 kanalar utan overlapping. NettStar har
fleire sendarar på same mastene, der me bruker heile 2.4Ghz området. Kva kanal du er
kopla på kan variera. Me anbefaler derfor ikkje kundane har trådlause aksesspunkt
innanfor huset i 2.4Ghz området. Dette kan forstyrra deg sjølv eller andre NettStar
brukarar. Når ein først skal ha eit lokalt nettverk bør ein bruka kabel eller 802.11a
utstyr som er på 54Mbit/s og 5Ghz. 802.11b har berre ein effektiv hastighet på ca.
4,5Mbit/s. Detter er lite når ein med kat 5 kabel kan få ein hastighet ca. 95Mbit/s.
Dersom ein skal streame video er 4,5 Mbit/s for lite. Ein kan til dømes ikkje streame
video frå DREAMBOX.
NettStar bruker det beste utstyret som er tilgjengelig under 802.11b
standarden. Det er ein del nye standarder på veg i nye frekvensområder med høgare
hastighetar. Me vil gå over til slikt utstyr når det vert tilgjengelig for utendørs
bruk. Me vil då kjøre 2 system parallelt.
|